Joanna Øvre-Flo har hatt sitt fyrste år som leiar i Stryn Ungdomsråd:

– Engasjement gjev viktig erfaring

Joanna Øvre-Flo (17) engasjerer seg i ungdomsrådet og i Unge Høgre. Ho fortel at det kan vere vanskeleg å setje seg inn i saker, men at det er kjekt å engasjere seg.

Lærerikt: Joanna skal ta til på andre året studiespesialisering på Stryn vidaregåande. På fritida engasjerar ho seg i ungdomsråd og partipolitikk. Korleis dette har gått til, seier ho sjølv er litt tilfeldig, men ho er i etterkant glad ho har gripe moglegheitene og brukar dei til å lære og skaffe seg erfaring. Spesialiseringa ho skal velge på vidaregåande er innan samfunnsfag og økonomi. 

Nyhende

Etter eit år som representant for Stryn ungdomsskule, bestemte ho seg for å stille som leiarkandidat i ungdomsrådet.