Avlyser dansegallaen i Hornindal

Arrangørane av den årvisse dansegallaen i Hornindal har teke avgjerda om å avlyse årets arrangement.

Stor oppslutning: Dansegallaen i Hornindal har trekt eit stort publikum. I fjor vart det ny rekord med 600 i Honndalshallen fredag og ca 800 laurdag. Her er Dænsebandet på scena.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I ei pressemelding seier Sverre Leivdal og Irene Lødemel at ein som følgje av koronasituasjonen og restriksjonane som føl med ikkje ser annan utveg enn å avlyse årets dansegalla. Arrangøren er Hornindal IL fotballgruppa og friidrettsgruppa i samarbeid.

Kjem tilbake neste år

– I god dialog og forståing frå orkestera som skulle spele under årets galla er vi einige å flytte oppdraget til neste års dansegalla. Så dermed kjem Contrazt, Steinar Engelbrektsson Band, Donnez (SE) og Anne Nørdsti til Hornindal 20-21 august 2021. For våre frivillige grupper er det viktige inntekter som forsvinn, men vi har full forståing for at det må bli slik i år. Vi håpar at det store trufaste publikummet finn attende til Hornindal i 2021 avsluttar

Sverre Leivdal og Irene Lødemel på vegne av arrangørane.