Rekordmange turistar har oppdaga Raksætra i Loen:

Manglar berre gul midtstripe i råsa!

Det er stor trafikk på veg opp til billedskjønne Raksætra. Så brei har råsa blitt at Eivind Rake skjemtar med at det berre manglar gul midtstripe.

Slitt rås: Fleire stadar oppver mot støylen ser råsa slik ut. Eivind Rake (bildet) og Arlid Solheim seier det meste av slitasjen har komt i sommar. Begge ynskjer å formidle dei er positive til at så mange vil besøke Raksætra, og syns tilrettelegging for å kunne ta i mot gjestene er viktig.  Foto: Stine Fjellkårstad

Nyhende

Det er ein smekkfull parkeringsplass som møter Fjordingen på Oppheim. Fargerike jakker er på veg oppover bakkane og inn i skogen. Om alle har tenkt seg på Raksætra er uvisst, men dei store og små gruppene vi møter på vegen, kan tyde på det. Den slitte råsa seier også sitt.