Reagerer på manglande opprydding ved Holevatnet

Ein turgåar reagerer på manglande opprydding etter arbeidet med demninga ved Holevatnet.

Skjemmande og farleg: Meldaren reagerer på at mange hundre meter med plastgjerde og anna søppel ligg att. Armeringsjern brukt som gjerdestolpar vert peika på som farleg for skiløparar.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

– Det ligg oransje sperreband heile vegen frå Karifjellet til nedkant av Gulekoppen. Svært skjemmande! I tillegg står her igjen ein del armeringsjern brukt som gjerdepålar. Desse må fjernast då dei kan utgjere livsfare for skiløparar, skriv mellom anna turgåaren i eit brev til kommunen. Det vert også vist til anna søppel som ligg att på anleggsplassen og store fyllingar med masse som ikkje er planert ut.