Skulert og motivert for ei skodespelarkarriere

Ein av aktørane i improvisasjons-showet i Groparken er Josefine Agathe Hove. Ho har nyleg avslutta teaterstudiane i England, og ser føre seg nokre månader der ho vekslar mellom frisøryrket og teater- og filmoppdrag.

Skulert og klar: Josefine Agathe Hove er ferdig teaterutdanna frå England. No blir det delt fokus mellom frisørjobb i Stryn og skodespelaroppdrag i Oslo. Her etter improvisasjonsshowet Kven sin tur e det, egentlig? i Groparken laurdag. 

Nyhende

Frisøren frå Jutedalen har allereie utmerka seg i rolla som Sissel Renate i serien «Heimebane» på NRK, og med fullført teaterutdanning lev framleis draumen om ei karriere innan film og teater. Men akkurat no er det mykje uvisse knytt til vegen vidare.