Køyrer skytteltrafikk med tankbil:

Vassverk med for lite vatn

Holebakkane vassverk som forsyner Harevadet hyttegrend, Hornindal skisenter og fleire hus og gardsbruk i Hornindal, har for lite vatn. No køyrer kommunen vatn i tankbilar for å fylle opp.

Ekstra vassforsyning: Sjåfør Thor Arne Røed på ein av sine mange turar for å fylle meir vatn inn i Holebakkane vassverk. Lars Fjærvold, avdelingsleiar vatn og avløp i Volda, legg ikkje skjul på at vasstransporten er tidkrevjande og kostbar, og går ut over andre driftsoppgåver.   Foto: Privat

Nyhende

Abonnentane som er knytte til Holebakkane vassverk brukar meir vatn enn vassverket klarer å levere. Vassverket hentar vatn frå borehol, men vasskjelda er ikkje stor nok til å levere nok. Dermed må Volda kommune køyre vatn frå Grodås vassverk til Holebakkane i tankbilar.