LEIAR:

2021 må bli året der indre Nordfjord er betre førebudd

Breng camping: Populære Breng i Lodalen er blitt eit ynda mål for tvilsam overnatting. Tilrettelegging og høve for grunneigarane til å ta betalt for tenester, vil kunne betre forholda for alle partar.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Når juli snart er over, ser vi at Nordfjord er ein av dei store vinnarane i kampen om «dei nye turistane»

Nyhende

«Tilrettelegging for dei tilreisande er ei betre problemløysing for auken i tal turistar enn innskrenkingar, reguleringsskilt og forbodskilt.» Utsagnet kom frå Rune Holen i fredagsavisa, og er ikkje berre tankevekkjande, men veldig sant. Sagt på ein annan måte: Når tilbodet ikkje står i stil med etterspørselen, risikerer ein at kundane forsvinn til andre stader, eller dei vert misfornøgde.