Utvik fekk mellombels bru etter flaumen i 2017:

Ny bru tidlegast i 2021

Tre år etter at storflaumen i Utvik feide brua over Storelva rett på fjorden, ligg den mellombelse brua framleis godt. Det vil ho gjere minst eitt år til.

Heist på plass: 26. juli 2017 vart den mellombelse brua på fv 60 i Utvik heist på plass.   Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto

Nyhende

Usemje mellom fylkeskommunen som vegeigar og Stryn kommune er direkte årsak til at den mellombelse brua over fv 60 ligg der framleis. Det vert stedfesta av både ordførar Per Kjøllesdal og Øystein Tytingvåg i Statens vegvesen.