Politiet sa nei til traktor-køyring

Strynepolitiet sa nei då dei fekk spørsmål frå ein ungdom om det var greitt å køyre mange traktorar i Stryn sentrum.

Ut på tur: Nokre av traktorane på veg ut av Stryn sentrum.   Foto: Privat

Nyhende

– Det er flott at ungdomen tek kontakt og spør. Omsynet til stor ferietrafikk, støy og sjenanse i sentrum gjorde at vi sa nei, seier politioverbetjent Vidar Stavik.

Likevel samla mange traktorar seg på parkeringsplassen ved Rema laurdag kveld. Då politiet kom og snakka med dei, reiste dei vidare til eit privat arrangement.

– Det var støyen vi sa nei til, ikkje det at dei parkerte. At mange samla seg, er nok ikkje ansvaret til vedkomande som kontakta oss. Skal ein få løyve til parade, må vi ha skriftleg søknad i tide og konferere med vegvesenet. Slikt kan dei søkje om seinare, seier Stavik.