Strand og Muri: - Bussar og tog står stille i Olden denne sommaren

Normalt ville det ha vore eit vrimlande liv på cruisekaia i Olden no. Denne sommaren er alt stille.

Olden Cruise: Bussparken tel oppunder 20 bussar. Her er nokre av bussane som står i opplag. 90% av bussturistane våre kjem frå cruise-trafikken, seier Joar Strand. 

Nyhende

I mange år har dei fargerike toga til Endre Muri gått frå cruisekaia og opp gjennom bygda rundt vatnet Floen med retur til kaia kvar dag med båtanløp. Likeeins bussane til Olden Cruise som har frakta turistar både på sightseeings-turar til Briksdalen, shuttletrafikk til Loen Skylift og mange busslaster til andre destinasjoner.