101 km/t i 60-sona gav betinga fengsel

Køyreturen i Nord-Norge i sommar førte til betinga fengselsdom for mannen frå Nordfjord.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein mann frå midtre Nordfjord er dømd til 14 dagar betinga fengsel og 8.000 kroner i bot etter å ha køyrd i 101 km/t i ei 60-sone i Nord-Norge i sommar. Køyringa skjedde ved 03-tida på natta med lite trafikk og gode køyreforhold. Mannen innrømte forholdet på staden då han vart stoppa i fartskontrollen og har seinare samtykka til såkalla tilståingsdom. I følgje dommen frå Sogn og Fjordane tingrett må mannen klare seg utan førarkort i åtte månader og ta ny praktisk førarprøve før han kan køyre bil igjen.