Politiet ber jegerar liggje unna alkoholen

I ein ny informasjonsfoldar om jakt og rus oppmodar politiet jaktleiarar til å snakke med jaktlaget om rus før start, og unngå blanding av alkohol og våpen.

  Foto: Bengt Flaten (illustrasjonsfoto)

Nyhende

– Vin og ein "Vonsup" til maten, øl på natta, jegerdram før start og så ein "Dotsup", blir det ramsa opp i brosjyren frå Møre og Romsdal politidistrikt.