- Som barberblad i maten

Kast ikkje metallboksar frå deg i naturen. Når husdyra får i seg metallrestar, kan det føre til store lidingar og død, understrekar Fylkesmannen i Vestland i ei pressemelding.

Metallboksar i enga er som å servere barberblad i maten, understrekar Fylkesmannen.   Foto: Karoline Finstad

Nyhende

Husdyr på beite er framleis eit velkjent syn i store deler av vestlandslandskapet. Og i år er det også svært stor trafikk av ferierande nordmenn på Vestlandet. Mange nyttar høvet til å gå på tur, campe, få opplevingar i naturen.