Nærbutikken på Fjelli

Butikkløft til to millionar

Coop Fjelli er gjennom ei større renovering. Nærbutikken er allereie blitt utvida og rusta opp i den eine fløyen, og no går dei laus på resten av lokala. Håpet er at heile butikken står klar til julehandelen.

Spennande tider: Butikken på Fjelli går gjennom ei større renovering. To millionar og mange dugnadstimar vil gi ein romslegare og meir moderne butikk. Ein kafékrok er også planlagt. – Kanskje blir det softis-maskin også, seier butikksjef Karoline Lunde (midten). Her saman med styreleiar Inger Langvik og kollega Nafez Samman. 

Nyhende

– Vi hadde eigentleg tenkt å byggje heilt ny butikk på ny tomt. Men så fekk vi eit år med dårleg resultat og fann ut at vi måtte tenkje nytt, og halde oss her, seier styreleiar for Coop Marked Fjelli, Inger Langvik.