Hornindal er ein av få plassar med underhaldning i sommar:

Klart for ny laurdag med moro i Groparken

Laurdag er det på nytt klart for latter og moro i Groparken i Hornindal, etter at alle dei 180 billettane vart utselde førre laurdag.

Med Torunn Lødemel Stokkeland og Josefine Agathe Hove i spissen inviterte ein gjeng honndøler til teatersport i Groparken siste helga i juli og første helga i august. Inntektene går uavkorta til Grobygget. Dei som deltok på scena: Torunn Lødemel Stokkeland, Josefine Agathe Hove, Håkon Raftevold, Ngare Kabiru, Hilde Gullbrå, Jan Kåre Seljeset og Kristina Tomasgard. I bandet som var sett saman for høvet spelte Terje Flåm, Ove Rand, Magnus Sollid, Robert Grodås, Tore Lødøen og Kristian Seljeset.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Koronasituasjonen gjorde at Hornindal næringslag avlyste årets kulturdagar. Med høve til å samle opptil 200 personar, sette ein gjeng kreative eldsjeler i gang alternative løysingar.