Olden og Loen kan få fleire cruise-anløp i september og oktober

Nordfjord Havn trur på fleire cruiseanløp til Olden i september og oktober.

Nye anløp: I september og oktober kan det på nytt bli cruiseskipanløp i Olden og Loen, men berre eitt samtidig på kvar plass. Her ligg Azura (t.v.) og Aida Luna i Olden ved eit anløp i fjor.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

15. juli kom nye retningslinjer som tillet ilandstiging for cruisepassasjerar og mannskap, dersom desse består av personar som ikkje har karanteneplikt etter covid-19 forskriftene.