Utrykkingspolitiet ber folk roe ned farten

Kontrollfokuset vårt er stort no i sommar, men det er nedslåande å sjå desse tala, seier Steven Hasseldal. Her saman med statsminister Erna Solberg.   Foto: Tore Meek/NTB Scanpix

Nyhende

Langt fleire bilistar enn i fjor har fått beslaglagt førarkortet eller vorte meldt for høg fart no i sommar.

Hittil i år har UP beslaglagt over 20 prosent fleire førarkort enn i fjor. 3.748 i 2020 mot 3.015 i 2019.

Frå 1. juni til 15. juli auka talet på politimeldingar for fartsregelbrot med 17 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Talet på politimeldingar for aktlaus køyring auka med 19,7 prosent i same periode.

I juni melde Utrykkingspolitiet (UP) åleine 909 sjåførar for grove brot på fartsgrensene mot 590 i 2019, ein auke på 54 prosent.

– Dette er svært urovekkjande og ein tendens vi ser over heile landet no. Så kraftige auke betyr at mange har grisekøyrt i sommar, som er urovekkjande med tanke på at så mange er på bilferie i år, åtvarar UP-sjef Steven Hasseldal.

Han er bekymra før ei av dei store trafikkhelgane vi no går inn.

– Vi tek mange av verstingane. Kontrollfokuset vårt er stort no i sommar, men det er nedslåande å sjå desse tala, seier Hasseldal.

NPK-NTB