Jon Are Steen:

Vil ha meir tid til å spele og komponere

Jon Are Steen sluttar som dirigent for Stryn Musikklag etter 20 år. Han ønskjer meir tid til å spele sjølv og å komponere ny musikk.

Jon Are Steen: – Det er viktig å lære seg å spele på eit instrument. Eg unner alle å få oppleve spelegleda og songgleda. Det er også ein del av folkehelsa, seier Steen. 

Nyhende

Han fortel om fleire grunnar til å gje seg som dirigent.