Jorunn (76) har jobba som frivillig på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival:

– Eg saknar musikken og stemninga!

– Det har vore tomt i år, seier Jorunn Sollid (76), som i fleire år har jobba som frivillig for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. – Det er klart eg saknar festivalen, miljøet og folka. Og aller mest musikken!

Musikken: – Musikken, først og fremst musikken. Og sjølvsagt miljøet og folka, seier Jorunn Sollid på spørsmålet om kva som gjer at ho frivillig bur trongt og kummerleg og jobbar gratis i dagevis for at andre skal få ein fin festival.  Foto: Gunnhild Sindre

Trongt om plassen er det i festivaltida, og nokre år budde eg i lavvo på Vassenden. – Det kom på TV. 70 år gammal dame som budde i lavvo for å jobbe på festival!

Jorunn Sollid (76) frivillig på Førdefestivalen
Nyhende

Jorunn Sollid budde i Bergen og dreiv galleri der, men flytta for nokre år sidan tilbake til Stryn. Ved eit tilfelle køyrde ho forbi Skogstjerna i Markane ein tysdag kveld, og lurte på kva som føregjekk der, sidan det var så fullt av bilar. – Her er det dans, kom og bli med! var svaret ho fekk. Slik kom ho inn i det lokale miljøet med folkemusikk og dans.