Samdrifta i Oldedalen går godt

– Etter pandemien har vi fått beskjed om å produsere det vi klarer

I 2010 gjekk fem familiegardar i Oldedalen saman og satsa på ein ny og større gard: Brenja Samdrift. Sindre Aarbrekk kan fortelje at dette er ein annan måte å drive gard.

Ein av fleire: Veka Fjordingen var på besøk, var det Sindre Aabrekk som arbeidde på samdrifta i Oldedalen. Samdrifta er eit samarbeid mellom Jan Høgalmen, Per Magne Kvamme, Sindre Aabrekk, Nils Roger Høgalmen og Jens Myklebust som er pensjonist. 

Nyhende

– Med den poltikken som vert ført i dag må ein anten satse eller legge ned, skal ein klare seg, fortel Sindre Aabrekk. Far hans var ein av dei som gjekk saman i samarbeidet.