Lyser ut tilskot til kommunalt rusarbeid på nytt:

Har att 10 millionar kroner i potten

Fylkesmannen i Vestland opplyser at ein har att om lag kr 10.000.000 kr til fordeling til kommunalt rusarbeid i 2020. No lyser fylkeskommunen ut tilskotet på nytt.

 

Nyhende

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i dei kommunale tenestene slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Prioriteringar

  • Tilsetting av personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar.
  • Oppsøkande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam.
  • Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning o.l.
  • Arbeidsretta tiltak og/eller aktivitetstilbod.
  • Tidleg intervensjonstiltak med barn/unge og eldre som prioritert målgruppe.
  • Lågterskeltenester


Kommunar som hittil ikkje har søkt, blir oppmoda om å søkje.

Spørsmål eller problem med skjema?