Heile familien jobbar frivillig - no saknar dei rockefestivalen

Det er stille i området Malakoff på Nordfjordeid i sommar. Rockefestivalen med over 20.000 besøkande er avlyst. – Klart det er tomt utan Malakoff, seier familien Kiviranta frå Hornindal. I fleire år har familien jobba som frivillige under rockefestivalen.

Heile familien jobbar frivillig: Familien Kiviranta har alle vore å sjå i frivilligstaben på Malakoff Rock Festival i mange år, og saknar festivalen i år. Her er Sunniva (16), Sølve (45), Unni (45), Thomas (12) og Bjørnar (22) samla heime i Hornindal. Eldsteson Sindre (24) var på jobb i Sogndal då bildet vart teke. 

Nyhende

Har du vore på rockefestivalen i det idylliske friområdet Malakoff på Eid, har du møtt frivillige i alle slags funksjonar, frå ordensvakter til bar og mat.