Politiet med klar melding om råning

Råning i sentrum var tema i ein lengre facebook-post, som politiet i Nordfjord posta fredag ettermiddag.

Oppfølging: Politiet i Nordfjord seier råninga i sentrum tek seg opp når politiet ikkje er tilstades.   Foto: Politiet

Nyhende

«Råning i Stryn sentrum

I vår og i sommar har vi fått mange klagar frå publikum på støyande råning i Stryn sentrum. Klagane har kome frå både fastbuande, gjestar på campingplass/hotell samt frå turistar som nyttar restaurantane i sentrum. Klagane har handla om støy frå bilar, ATV-ar, traktorar og motorsyklar, som har køyrt runde på runde i Stryn sentrum.

Forholda kjem heilt klart inn under §16 i forskrift om kjørende og gående trafikk:

1. I eller ved bebyggelse må det ikke foregå unødvendig og forstyrrende kjøring med motorvogn. Der må heller ikke foregå bruk av motor på tomgang eller annen bruk av motorvogn som volder unødig støy eller unødig utslipp av røyk eller gass.

2. I eller ved bebyggelse skal kjørerute, fart og kjøremåte avpasses slik at ingen forstyrres unødig.

Vi har erfart at mange køyrer med svært høg musikk og dunkande bass i bilen, og med vindauga åpne. Mange mopeder og lett motorsyklar har svært støyande eksosanlegg. Nokre lovlege, og andre ulovlege. Mange nyttar traktor og ATV-ar som dei køyrer rundt med. Vi har òg erfart at mange bilførarar har ein uvane med å gi eit kraftig gasspådrag i det dei køyrer inn i ei ny gate. Nokre gongar har vi òg fanga opp at råninga er organisert gjennom avtalar gjort på sosiale medier.

Summen av alt dette er at mange i Stryn sentrum blir uroa. Særlig gjeld dette fredag og laurdag kveld og natt. Vi får skildringar frå bebuarar som kjenner på at livskvaliteten blir sterkt svekka på grunn av bråket, og som vurderar å flytte frå sentrum. Vi får òg mange negative tilbakemeldingar frå tilreisande og turistar, som meinar at Stryn ikkje kan vere tent med ein slik rånekultur.

Vi har òg erfart at det er svært få som ønskjer å ytre seg om desse problema offentleg. Debatten i kommentarfelta på sosiale media gir inntrykk av at både ungdom og godt vaksne meinar at vi må tillate slik køyring. Der har vore tilfelle der dei som har ei anna haldning, nærmast har blitt latterleggjort i kommentarfelta.

Vi i politiet har hatt fokus på å overvåke køyringa i sentrum på kvelds- og nattestid. Dei vi har sett køyre utan mål og meining, har vi gitt pålegg om å parkere eller køyre ut av sentrum. Ungdomane i Stryn er svært greie å forhalde seg til, og alle har der og då gjort som dei har fått beskjed om.

Men utfordringa vår er at vi ikkje alltid har kapasitet til å følge opp. Vi ser då at råninga tek seg opp dei kveldane vi ikkje er tilstades.

Vi meinar at det må ei haldningsendring til. Det kan ikkje fortsette slik som det har vore i vår og i sommar. Vi ber difor kvar og ein som kjenner på at dette gjeld dei, anten som sjåfør eller som foresatt for ein ungdom mellom 16 og 18 år, bidreg til at Stryn sentrum blir ein stad ein kan bu og opphalde seg, utan å måtte bli uroa av råning.

Med venleg helsing

Politiet i Stryn»