Ein god sesong for sommarskien:

-Vi ynskjer ei fortsatt satsing på Tystigen

Med ein forskyvd sesong, heldt Stryn Sommerski ope til fyrste helga i august. – Vi er glade vi fekk med oss fellesferien, seier dagleg leiar Nina Lensebakken.

Godt fornøgde: Idar Aaboen og Nina Lensebakken er godt nøgde med sesongen, og drøymer om å utvide tilbodet for å kunne nytte seinsommaren betre. – Vi er klar over kva flotte område som finnest, og vi veit kva reaksjonar som har vore på desse oasane. Vi ynskjer forferdeleg gjerne å utvide aktiviteten i området, seier Lensebakken. 

Nyhende

Det har vore ein god sesong på Stryn Sommerski, og mange barnefamiliar har i år lagt sommarferien sin om skisenteret. Svenskane uteblei grunna stengde grenser, og Lensebakken fortel om frustrasjon.