Hornindal fekk mest nedbør i heile landet

Dersom du synst det regna kraftig i indre Nordfjord sist natt, er det rett. Og mest regn av alle fekk Hornindal.

Mest i landet: Hornindal fekk mest nedbør i heile landet sist døgn med 48,4 mm. Men om få dagar vert det på nytt fint ver og håp om badeliv i Hornindalsvatnet.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

Det stadfestar vakthavande meteorolog Marin Granerød overfor Fjordingen.