Regjeringa gjenopnar barne- og ungdomsidretten

Smittesituasjonen i Norge er stabil. Difor har regjeringa opna for at barne- og ungdomsidretten frå 1. august får unntak frå 1-meterregelen.

Opnar for barneidretten: Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.  Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

Nyhende

– Eg er glad for at smittesituasjonen gjer at vi kan halde fast ved det vi signaliserte i juni. Idrett er ein viktig møteplass og sosial arena, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja .

– Dette er i tråd strategien om at gjenåpning av samfunnet skal skje gradvis og kontrollert, og at barn og unge skal prioriterast, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Opnar for konkurransar

Hittil har barn og unge under 20 år kunna ha nærkontakt i faste grupper på inntil 20 personar i trening. Frå 1. august blir det gjort vidare unntak frå avstandskravet ved gjennomføring av konkurransar innanfor idrettskretsane der alle deltakarane er under 20 år, og der aktiviteten ikkje kan utførast som normalt dersom ein skal overhalde einmeterskravet. Avgjerda inneber at det blir opna for kampar og stemne for barne- og ungdomsidretten opp til og med 19 år, innanfor dei respektive grensene til idrettskretsane.

Krav om smittesporing.

Det blir stilt krav om at arrangørar for idrettsarrangement for barn og unge legg til rette for at det kan haldast minst éin meters avstand blant publikum og at alle smittevernreglar kan overhaldast. Arrangør må også legge til rette for at smittesporing kan gjennoførsast, dersom smitte blir oppdaga i etterkant.