Kulturdugnad gav 100.000 til Grobygget og parken

Kulturdugnaden med to framsyningar gav om lag 100.000 kr til Foreininga Grobygget i Hornindal.

To fulle framsyningar med improvisert teatersport i Groparken.  Foto: Roy Aron B. Myklebust

Nyhende

– Dette var utruleg inspirerande for oss og all dugnadsarbeid som skjer for både Grobygget og Groparken, seier ein takknemleg styreleiar i Foreninga Grobygget, Bjørn Lødemel, etter to laurdagskveldar med to fullsette framsyningar med totalt 360 frammøtte.