Røde Kors åtvarar utrena mot populære fjellturar

Etter ei ny veke med fleire redningsoppdrag åtvarar Røde Kors utrena som undervurderer turen til populære stader som Besseggen og Trolltunga.

Røde Kors åtvarar utrena mot å legge ut på tur mot populære turar som Besseggen (bildet), Trolltunga og Romsdalseggen. - Ein del av dei som oppsøkjer desse toppane er ikkje klar over kor tøffe turane er, seier Rune Magnar Bjørkheim frå Røde Kors.   Foto: Hallvard Østrem/NPK

Nyhende

Populære turdestinasjonar som Trolltunga, Besseggen og Romsdalseggen er alle tunge turar, og hjelpekorpsa til Røde Kors ser at mange ikkje er godt nok førebudde på det utfordrande terrenget.

– Ein del av dei som oppsøkjer desse toppane er ikkje klar over kor tøffe turane er. Mange tenkjer det er ein lett spasertur, og går med feil fottøy, og for lite klede, mat og drikke, seier leiar for Oppland hjelpekorpsdistrikt Rune Magnar Bjørkheim i ei pressemelding.

Ifølgje Røde Kors har det nesten ikkje gått ein dag denne sommaren utan henteoppdrag for hjelpekorpsa ved Jotunheimen og Rondane. Bjørkheim tilrår folk som no skal på fjellturar utan særleg trening, å velje andre turmål, slik at dei får ei betre turoppleving.

Hjelpekorpsa ventar mange fleire oppdrag no som den mest populære sesongen for fjellturar startar på ettersommaren.

– August er normalt den viktigaste turistmånaden i høgfjellet, og vi ventar ikkje noko mindre å gjere dette året. Mange vil nok bruke helgar med finvêr til å gå i fjellet, seier han.

(©NPK)