Treng ikkje å koke vatnet lenger

Volda kommune opphevar kokevarsel på vatnet frå Grodås vassverk.

Grodås vassverk.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Onsdag fekk abonnentane tilknytt Grodås vassverk beskjed om å koke drikkevatnet sitt sidan det var gjort funn av E.coli.

Volda kommune har no fått svar på prøvene som blei tekne.

- Det er ikkje påvist E.coli i nokon av prøvene. Prøveresultatet vi fekk i dag var bra. Dermed blir kokevarselet på Grodås oppheva. Vi held fram å klore vatnet nokre dagar til. Men det er no trygt å drikke vatnet, melder Volda kommune.