Minner om at epidemien slett ikkje er over enno

– No når dei fleste av oss er tilbake frå ferie og tek til att på jobb og skule, vil eg minne om at koronaepidemien slett ikkje er over.

Bent Ingebrigtsen: – Alle må ta eit personleg ansvar og følgje smittevernsreglane. Strenge forholdsregler er nødvendig. 

Nyhende

Dette seier fungerande kommunelege i Volda Kommune, Bent Ingebrigtsen.

– Vi var flinke til å følgje myndigheitene sine råd i starten. Det såg vi også på resultata. Vi hadde rekordlåg vekst på antal smitta personar fram til fellesferien starta.

Strenge forholdsreglar nødvendig

– Etter at reiseaktiviteten vår vart større og samfunnet vart gradvis litt meir gjenopna, vart det ei dobling av smitta personar kvar veke. Denne auken har fortsett fram til no. Risikoen for å bli smitta er større når vi reiser og er i lag med mykje folk. Eg trur nok at vi også har slappa litt for godt av desse sommarvekene, fortset han. Strenge forholdsreglar er fortsatt heilt nødvendig, seier kommunelegen.

Testkapasiteten er dobla

– Vi treng å minne kvarandre på at vi må overhalde 1 meters-regelen, fortsatt må vi ha god handhygiene, god hostehygiene og ta alle signal alvorleg om ein skulle kjenne symptom på luftsveginfeksjon. FHI (Folkehelseinstituttet) rådar alle som har nyoppståtte luftveginfeksjonar utan kjend årsak om å halde seg heime og i tillegg la seg teste. Testkapasiteten er dobla.

– Vi har alle eit personleg ansvar på jobben, på skulen, på korøvinga, når vi besøker bestemor osv. Vi veit at 1/3 av dei som er smitta ikkje veit at dei er det. Dei kjenner ingen symptom. Men er likevel smittebærar. Derfor er det så viktig at alle tek forholdsreglane på alvor.

Skulestart

– Kommunen har tett dialog med høgskulen og studentsamskipnaden i samband med studiestart. Viktig med alkoholfrie arrangement og at forholdsreglane blir følgde. Kommunar som sender studenter til vår kommune har og eit ansvar, seier Ingebrigtsen.

Ikkje nøl med å kontakte lege

– Ikkje nøl med å kontakte lege, seier Ingebrigtsen.

– Vi har alle eit personleg ansvar og då må vi ta alle symptom på alvor. Eg henstiller til at alle tek eit personleg ansvar og lever etter dei enkle forholdsreglane kvar dag, avsluttar han.