Ny utsetjing for breiddeidretten

Styresmaktene vil framleis ikkje gi nokon opningsdato for kampar og treningar for vaksne i breiddeidretten.

Ny utsetjing: Breiddeidretten for vaksne må framleis vente på å få setje igang att.   Foto: thomas thaule

Nyhende

Det er klart etter eit møte mellom norske idrettstoppar og kulturminister Abid Raja (V) og helseminister Bent Høie (H).

Norges idrettsforbund og særforbunda har i lang tid håpa på ei opning for breiddeidrett òg for dei over 19 år. Fredag fekk dei ein nedtur i form av den siste smittevernoppdateringa til regjeringa, og meldinga var likelydande etter møtet på måndag.

– Vi skulle gjerne sett at vi kunne halde fram den gradvise gjenopninga av samfunnet, og vi håpar vi kan det snart. Men med den smitteauken som er i samfunnet no, kan vi ikkje ta sjansar, sa Raja etter møtet.

– Det er ikkje tilrådeleg at ein opnar opp for meir kontakt. Gjenopninga av breiddeidretten må setjast på vent, slo kulturministeren fast. Barn og ungdom har kunna trene med kontakt og spele kampar sidan 1. august, men styresmaktene har ikkje ønskt å gi det same unntaket frå einmetersregelen for seniorane i breiddeidretten. Det vart anslått at breiddeidretten kunne opne opp heilt frå 1. september, men smitteblomstringa i den siste tid sørgde for ei ny utsetjing. (NPK)