Regjeringa etablerer nytt nasjonalt smittesporingsteam

Statsminister Erna Solberg (H) kunngjorde onsdag etableringa av ei ny nasjonal eining for smitteoppsporing for å hjelpe kommunane i smitteavgrensingsarbeidet.

Pressekonferanse: Statsminister Erna Solberg heldt pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag.  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

Det nasjonale teamet skal styrkje smittesporingseininga ved Folkehelseinstituttet, og sørgje for at smittesporingsarbeidet blir samordna mellom kommunane, sa Solberg.

– Det skal støtte kommunane ved utbrot, handtere smitteoppsporing av utanlandske statsborgarar og utføre smittesporing på tvers av kommunar og fylkesgrenser og fly og skip, sa ho.

Eininga blir oppretta etter at det den siste tida igjen har vorte rapportert om aukande koronasmitte i samfunnet og fleire lokale smitteutbrot.

Det nasjonale teamet er blant fleire tiltak som vart kunngjorde på pressekonferansen. Målet er å slå ned på lokale utbrot og hindre at dei blir nasjonale.

– Lokale smitteutbrot er handterlege når dei blir oppdaga raskt, når ein får spora opp alle nærkontaktane og dei involverte blir sette i karantene og isolasjon, understreka statsministeren.

(©NPK)