#loen i alle kanalar:

Året då «alle» var i Loen

2020 har blitt året då «alle» skulle til Loen. På sosiale medium fløymer det av bilde med emneknagg Loen. Søkjer du på #loen på Instagram får du opp over 100.000 bilde.

#loen: Helene Hatland frå Stathelle er ein av dei mange som har besøkt Loen og Rakssetra. – Nasjonalromantisk. For ein nydeleg plass, skriv ho på på Instagram. - Vi hadde sett mange fine bilde frå Loen som trakk oss til akkurat den plassen. Rakssetra hadde eg sett på Instagram, seier Helene til Fjordingen.   Foto: Privat

Nyhende

Eitt av toppbilda i søk siste veke var lagt ut av Helene Hatland frå Stathelle. Som så mange andre hadde ho vore på Rakssetra.