Fleire måtte rette opp manglar før dei fekk køyre vidare

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll på fv 60 over Utvikfjellet onsdag.

Ein sjåfør vart meld for ikkje å ha lys på tilhengaren etter personbilen. Han måtte retta opp i mangelen før han fekk køyre vidare.

Ein sjåfør fekk mangel på lys på tilhengaren sin, og tre andre sjåførar fekk mangel på lysa på personbilane sine.

Ein sjåfør hadde underkøyringshinder bak på lastebilen sin som ikkje var etter kravet. Sjåføren måtte rette opp i forholdet før han fekk forlate kontrollplassen.

Ein sjåfør fekk mangellapp fordi boltane i svingkransen var lause på tilhengaren.

To sjåførar måtte fjerne gjenstander i frontruta slik at dei hadde tilstrekkeleg sikt før dei fekk køyre vidare.