Ekstra pengepott til NAV

NAV-kontora i Vestland fylke får høve til å søkje på ein pott på ca. 4,8 millionar, som Arbeids- og velferdsdirektoratet har stilt til rådvelde for tilskot til tiltak i samband med Korona-pandemien.

Ekstrapott: NAV i Vestland får ein pott på nærare 4,8 millionar som dei lokale kontora kan søke på.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det er Fylkesmannen som tildeler midlar frå denne tilskotsordninga. Tilskotet skal støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for tenester etter sosialtenestelova, som følgje av Korona-pandemien, kjem det fram av eit brev som er sendt kommunane i Vestland.

Kommunane kan til dømes søkje om tilskot til kompetansetiltak, utviklingstiltak og til delbetaling for inntak av ekstra personellressursar i samband med den ekstraordinære situasjonen.