Vart sendt rett til verkstad etter kontroll

Illustrasjonsfoto. Bilen på biletet er ikkje identisk med dei to omtala bilane.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll ved Kjøs bru torsdag.

Ifølgje kontrollrapporten vart to bilar sende direkte til verkstad med alvorlege sprekkar i bremseskiver.

To førarar måtte sikre lasta betre før vidare køyring. Ein førar fekk eit gebyr på 2.000 kr for eit utslite dekk.

Ein førar måtte skaffe leigeavtale på køyretøy før vidare køyring.

I alt 141 køyretøy var innom kontrollplassen.