Tre x Emma Njøten i storsiger

Storsiger: Stryn sitt U20-lag for damer kunne juble etter 5-0 borte mot Sogndal i sesongopninga.  Foto: Privat

Nyhende

Stryn fotball sitt J20-lag har spelt sin første kamp i den nyoppretta U20-serien som er komen i gang grunna dei framleis gjeldande koronarestriksjonar for senioridretten.

Og i den første kampen laurdag fekk Sogndal "så hatten passa" på heimebane, og Stryn gav seg ikkje før det stod 5-0 på resultattavla.

Midtbanespelar Emma Njøten vart den store spelaren i kampen med sine tre scoringar. Øvrige mål vart sett inn av Hermine Kjøsnes og Malin Eikenes Tjellaug. Til pause var stillinga 2-0.

Også Stryn sitt G20-lag fekk ein god start på sin sesong med 3-1 over Eid på Stryn stadion. Stian Gjengedal Olsbø, Johannes Garlid Tenden og Ole-Ivan Glosvik Espeland sørga for Stryn sine mål.

Neste kamp for J20 er heime mot Kaupanger førstkomande laurdag. Same dag tek gutane turen til Sandane.