Det blir Skarsteinsetra Opp

Skarsteinsetra Opp: Aleksander Sunde, Vikane IL, i fjorårets utgåve av motbakkeløpet i Olden.  Foto: Leif Vinsrygg

Nyhende

Arrangøren av motbakkeløpet Skarsteinsetra Opp i Olden har bestemt seg for å gjennomføre løpet også i år. Datoen er 12. september.

– Etter grundige vurderingar finn vi at det er mogleg å gjennomføre Skarsteinsetra Opp sin konkurranseklasse (løp) 100% i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Dette grunna brei trase og endring til intervallstart, opplyser arrangøren.

Det er sett eit tak på 150 deltakarar i det fire kilometer lange motbakkeløpet. Starten er som vanleg i Olden sentrum.