Strålande innsats i UM i friidrett:

Sølv til Maja og bronse til Ruben

Stor dag: Stor dag for Olden IL med sølv til Maja Fuglestrand Baade i spyd og bronse til Ruben Alexander Eide Fjerde i lengde.  Foto: Jørund Årdal

Nyhende

Det har vore ein strålande laurdag for Olden under friidretts-UM på Jessheim. Med få minutts mellomrom vart det sølv til Maja Fuglestrand Baade i spyd, og Ruben Alexander Eide Gjerde tok bronse i lengde. Begge deltak i 15-årsklassen.

Maja, som pådrog seg ein alvorleg kneskade i fjor haust og som knapt har fått konkurrert, drog til og sikra seg sølvet i spydkonkurransen. Ho sette like godt årsbeste med 37,81 meter i femte omgang.

Sølv: Maja Fuglestrand Baade, spyd.  Foto: Jørund Årdal

- Eg er veldig overraska, men kjempeglad for sølvet, seier Maja til Fjordingen. Opp til vinnaren var det om lag seks meter.

Vinnar vart Inga Rabben Reimers frå Sandnes IL som kasta 44,79 meter. Tredjeplassen gjekk til Lana Weinberg frå Kristiansands IF, ho oppnådde resultatet 35,84 meter.

Ruben viste også nervar av stål, og då det gjaldt som mest sette han ny personleg rekord i lengde med 6,14 meter, noko som heldt til bronse. Han hadde også to andre godkjende hopp på over seks meter.

- Eg låg på tredjeplass heile konkurransen og fekk opp lengda i nest siste omgang, seier Ruben på telefonen frå Jessheim. I morgon skal han springe stafett for Jølster. Fredag var Ruben berre fire hundredel frå finaleplass på 100 meter, så det er tydeleg at han har prikka inn formen til UM.

Sigeren gjekk til Sebastian Berntsen frå Tønsberg Friidrettsklubb som hoppa 6,70 meter. Sølvet gjekk til Bastian Elnan Aurstad frå Steinkjer Friidrettsklubb. Han hoppa 6,48 meter.

Bronse: Ruben Alexander Eide Gjerde, lengde.  Foto: Jørund Årdal


Søndag kan det bli meir jubel for Olden, då stiller Steffen Melheim som favoritt i diskos i 17-årsklassen.