Møte i kveld:

Hornindal får grendeutval

Hornindal skal opprette grendeutval som vert bindeledd mellom innbyggjarane og politisk nivå. I kveld vert det møte i Honndalshallen.

Grendeutval: 14. september vert det ope møte om etablering av grendeutval i Hornindal. Kommunestyrepolitikarane (frå venstre) Thore Heggen (H), Lars Alv Haugen (Ap), Sverre Leivdal (Ap) og Eldar Engelund (Sp) seier dei ønskjer slikt utval etablert. – Vi var i ferd med å etablere grendeutval rett før koronaen sette inn. No gjer vi nytt forsøk, seier dei.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ordførar Sølvi Dimmen kjem til Hornindal måndagskvalden for å halde ope møte om grendeutval. Honndølene i Volda kommunestyre ser fram til at bygda får etablert eit slikt utval.