Scora fem mål for Stryn:

Ørjasæter-show på stadion

Sondre Holmlund Ørjasæter var i det umulege hjørnet og gav seg ikkje før han hadde scora fem mål mot Florø fredag kveld.

Fem x Ørjasæter: Her rundar Sondre Holmlund Ørjasæter keeper og set inn eitt av sine fem mål mot Florø.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det var duka for toppkamp i U20-serien i fotball fredag kveld då Stryn tok i mot Florø. U20-serien er komen i stand då breiddefotballen for senior framleis ikkje er i gang grunna koronarestriksjonar.