Sigrid og Claus opnar kulturhausten

Publikum kan gle seg til to gongar Teater Vestland, magishow, kinodag og julekonsert med Didrik Solli-Tangen i Stryn kulturhus utover ein spesiell haust.

Teaterframsyninga «Vestland, Vestland» tek for seg fylkessamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll står på scena i Stryn kulturhus fredag 16. oktober.  Foto: Espen Nyttingnes/ Teater Vestland

Nyhende

– Det blir litt mindre på programmet i år enn først tenkt, på grunn av koronasituasjonen, men eg trur vi har noko for einkvar smak. I tillegg kan eg røpe at vi no er heilt i startgropa med eit prosjekt som forhåpentlegvis kjem til å mette litt av kulturtørsten til stryningane utover hausten og vinteren, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.