Julia vart norsk juniormeister i vektløfting

Julia Jordanger Loen (18) frå Breimsbygda vart norsk juniormeister i vektløfting i helga. Meisterskapet gjekk på Hitra.   Foto: Ola Bergheim

Nyhende

Julia Jordanger Loen (18) frå Breimsbygda vart i helga norsk meister i vektløfting for junior.

Julia, som har familie frå Loen, løfta i 59-kilosklassen og sette ifølgje Nord-Vestlandet Vektløftarregion nye norske rekordar på 71 kg i rykk, 86 kg i støt og 157 kg samanlagt.

Ho har dei norske rekordane både i ungdoms- og juniorklassa i tillegg til dei nordiske ungdomsrekordane. Ho vart også nordisk ungdomsmeister i fjor.

Meisterskapet i helga gjekk av stabelen på Hitra. Også i fjor vann Julia juniorklassen, den gong i Bergen.