Ordføraren likte godt det han fekk presentert i høve E39:

– Fordelen er at vi kan få realisert det med størst gevinst tidlegare

God tru: Ordførar Per Kjøllesdal fekk større tru på tidlegare realisering av ny E39 i Nordfjord etter konferansen onsdag.  Foto: (arkiv) Gunnhild Sindre

Nyhende

– Eg tykkjer det var veldig interessant. Det er freistande å seie at bodskapen vi høyrde no er den vi prøvde få fram for fleire år sidan, seier ordførar Per Kjøllesdal, som meiner at den betydeleg kostnadsreduksjonen ein får gjennom smalare vegbane og at ein går vekk frå planfrie kryss, styrkar sjansane for tidlegare realisering.