Samferdslekonferansen i Loen:

25-30 prosent rimelegare E39-løysing

Smalare vegbane og førebels stopp på Svarstad kan redusere kostnadane med 3-4 milliardar, og auke sjansane for at E39- utbygginga i Nordfjord kjem raskare i gang.

Innsparingar: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Reidar Dale, synte til kva innsparingar ein kan oppnå gjennom smalare vegbane og ved å tenkje Byrkjelo-Svarstad som første steg. Med reduserte kostnader på 3-4 milliardar vil truleg også sjansen for tidlegare utbygging auke. 

Nyhende

Tore Askeland og Svein Reidar Dale frå Statens vegvesen var henta inn for å informere om gigantprosjektet ferjefri E39 Kristiansand-Trondheim, og då særleg med fokus på strekninga Byrkjelo-Grodås.