Simen har temja seg sjølv

Vinnarmentaliteten og temperamentet har vore Simen Lillevik Kjellevold sitt kjennemerke i mange år, men no prøvar han å avgrense det til eit spark i stolpen i ny og ne.

Kontroll: Simen Lillevik Kjellevold har ikkje berre jobba hardt med det fysiske for å bli ein betre keeper, også målbevisst arbeid med det mentale meiner han har vore viktig for å ta dei stega han har tatt. I dag spelar han i OBOS-klubben Strømmen. 

Nyhende

25-åringen har tatt steg for steg sidan han som 14-åring vakta målet til moderklubben Vikane i 6. divisjon. Frå der gjekk turen til Stryn, vidare til Førde, Stabæk og Kongsvinger. Draumen har alltid vore å spele på høgt nivå, og i dag er han ubestridd førstekeeper på OBOS-laget Strømmen ved Lillestrøm.