Ønskjer å utvikle «Hydlaparken-figur»

Hydlaparken søkjer om støtte til å utvikle eit historiekonsept og ein figur for klatreparken.

Meir enn klatring: Hydlaparken ønskjer å utvikle seg som opplevingsarena og startar no eit større prosjekt der historieforteljing og ein figur for parken står sentralt. Musikk og skodespel skal byggast opp rundt denne historia og figuren. 

Nyhende

Hydlaparken søkjer gjennom det kommunale næringsfondet om 265.000 kroner, der mesteparten er tenkt til utvikling av eit historiekonsept og ein figur knytt til parken. Total kostnadsramme er sett til 650.000 kroner, der det også er inkludert konseptutvikling, diverse marknadsføringskostnader og prosjektering av ei ny klatreløype.