Oldedalsvegen:

– Dette er barna våre sin skuleveg

Foreldre fortalde korleis det kjenns å måtte sende borna sine til skulen på Oldedalsvegen; Norges nest farlegaste veg.

På podiet Under samferdselskonferansen i Loen fekk Hege Gjertsen og Johanne Melkevoll vist både bilete og film som illustrerte farane ved å ferdast på Oldedalsvegen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Som dei også gjorde under NTP – møtet i Jølster i februar, fekk foreldregruppa for Oldedalsvegen fortald korleis det er å dagleg måtte nytte vegen mellom Olden og Briksdalen som er trua av heile 10 fonner.