Moods of Norway blir multibrandbutikk:

– Vi får fleire bein å stå på

Moods of Norway i Stryn får fleire bein å stå på. Laurdag er det «offisiell opning» som multibrand-butikk.

blir multibrand-butikk: Moods of Norway-butikken i Stryn kjem til å selje fleire klesmerke. – På grunn av stor plass i butikken tek vi inn andre merke, og vi vil dermed få fleire bein å stå på, seier Jan Egil Flo. Malin Lee og Wenche Lindvik Aaning gler seg til «nyopning» laurdag. 

Hovud- satsinga på sikt blir web-shopen med lageret på Visnes

Jan Egil Flo, Moods of Norway
Nyhende

– På grunn av stor plass i butikken tek vi no inn andre merke og, mellom anna skandinavisk design for både damer og herrar for å halde aktiviteten oppe. Multibrand betyr at vi kjem til å selje fleire klesmerke. Samstundes så vil hovudpakka vår framleis vere Moods of Norway, seier Jan Egil Flo. Han fortel at butikken no vil ha godt 400 kvadratmeter spekka med klede.