Samuel Lukas (5) og Laurits Johan (2) med sjeldan funn:

Bol med fleire tusen kveps

Oppimot 10.000 kveps har stått bak byggverket og «okkupasjonen» av jakthytta til Ola Andre Lien i Hornindal.

Kvepsebol: Samuel Lukas Lien t.v. og broren Laurits Johan viser fram det gigantiske kvepsebolet Samuel fann i jakthytta til faren.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

No er bolet og kvepsen vekk. Takka vere sonen Samuel Lukas (5) som fann bolet. Han var med pappa Ola Andre då han avslutta slåtten 17. august. Fem-åringen rusla litt rundt og opna døra inn til jakthytta faren hadde bygd året før. Der var det mildt sagt liv.